Kathrin Zettel
Kathrin Zettel (fødd 5. august 1986) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Scheibbs i Niederösterreich som vart verdsmeister i superkombinasjon i 2009 og i tillegg har sikra seg to VM-sølv og ein OL-bronse i tida 2005-14. Ho har vunne ni renn i verdscupen i tida 2006-12.
Kathrin Zettel | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 5. august 1986 (38 år) Scheibbs |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006, Alpint under Vinter-OL 2014 – Slalåm kvinner |
Utmerkingar | ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester |
Aktiv
endreZettel debuterte i verdscupen i alpine greiner i 2004. Året etter deltok ho i VM i alpine greiner 2005 i Santa Caterina, der ho kom på fjerdeplass i slalåm. Avslutningsdagen var ho med på å ta sølv i den nye øvinga lagtevling, saman med Nicole Hosp, Renate Götschl, Benjamin Raich, Rainer Schönfelder og Michael Walchhofer.
Zettel vann si fyrste verdscuptevling den 25. november 2006, eit storslalåmrenn i Aspen i delstaten Colorado. I sin beste sesong, 2009-sesongen vann ho fire storslalåm-tevlingar i verdscupen, noko som var med å gje henne fjerdeplassen i verdscupen i alpine greiner 2009. Ho vann sin niande og hittil siste verdscupsger i 2012, på dagen seks år etter den fyrste
Høgdepunktet for Zettel kom i VM i alpine greiner 2009, då ho vann gullmedaljen i superkombinasjon framfor sveitsiske Lara Gut. To år seinare tok ho sølvet då landskvinna Marlies Schild vart verdsmeister i slalåm i Garmisch-Partenkirchen. I 2014 kunne Zettel reise heim frå Vinter-OL i Sotsji med ein bronsemedalje, også den vunnen i slalåmløypa.
Under VM i alpine greiner 2015 i Vail/Beaver Creek vart Zettel nummer fem, seks og sju i høvesvis slalåm, superkombinasjon og storslalåm. Ho la bort konkurranseutstyret ved sesongslutt.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Kathrin Zettel» frå Wikipedia på tysk, den 15. februar 2015.