Lara Gut-Behrami

(Omdirigert frå Lara Gut)

Lara Gut (fødd 27. april 1991) er ein sveitsisk skirennar frå Comano i kantonen Ticino. Ho vann to sølvmedaljar under VM i alpint 2009 og fekk sitt tredje VM-sølv i Schladming i 2013. Under vinter-OL 2014 tok ho bronsmedaljen i utfotrennet.

Lara Gut-Behrami


Statsborgarskap Sveits, Liechtenstein
Fødd 27. april 1991 (32 år)
Sorengo
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 2014 – Utfor kvinner

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Aktiv endre

Gut er best i øvingane utfor og super-G. Ho vart tidleg rekna for å vere eit av dei største alpintalenta nokon gong. I 2007 vart ho sveitsisk mester i super-G, knapt 16 år gammal.

 
Lara Gut i 2014 etter å ha vunne OL-bronse i utfor.

Ho debuterte i verdscupen i alpint 28. desember 2007 i eit storslalåmrenn i Lienz. 2. februar 2008 i St. Moritz kom ho i sitt første utforrenn i verdscupen på tredjeplass. Sesongen etter, den 20. desember 2008, vann ho sitt første verdscuprenn då ho gjekk til topps i super-G-rennet i Haus im Ennstal, framom landsmannen Fabienne Suter.

I verdsmeisterskapen i alpint 2009 i Val-d'Isère vann Gut to sølvmedaljar. I utfortevlinga vart ho berre slått av Lindsey Vonn, medan ho i den alpine kombinasjonen vart overgått av Kathrin Zettel frå Austerrike. Sist i september 2009 skadde ho seg under trening i Saas-Fee og deltok ikkje i alpinløypene i OL-sesongen 2010.

På nyåret 2011 tok Gut sin andre siger i verdscupen då ho vann eit super-G-renn i Zauchensee. Under VM i alpint 2011 i Garmisch-Partenkirchen kom ho på fjerdeplass både i utfor og i super-G. Ho gjorde sin beste sesong i totalverdscupen då ho kom på tiandeplassen, som beste sveitsiske kvinnelege utøvar.

Den 5. februar 2013 tok Gut sølvmedaljen i super-G-tevlinga, opningsrennet i ski-VM i alpint i Schladming. Ho vart slått av Tina Maze frå Slovenia med 0,38 sekundar. I 2014 vann ho bronsemedalje i utfor under OL i Sotsji.

Verdscupsigrar endre

Dato Stad Øving
20. desember 2008   Austerrike Haus im Ennstal Super-G
9. januar 2011   Austerrike Altenmarkt-Zauchensee Super-G
14. desember 2012   Frankrike Val-d'Isère Utfor

OL-resultat endre

  År    Alder   Slalåm   Stor- 
 slalåm 
Super-G Utfor Kombinert
2010 18 skadd, deltok ikkje
2014 22 9 4 3 DNF2

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lara Gut-Behrami