Kathy Kirby

britisk songar

Kathy Kirby (20. oktober 193819. mai 2011) var ein engelsk songar. Det vert sagt at ho var den best betale kvinnelege songaren i si tid.[1][2] Ho er best kjend for sin coverversjon av Doris Day-låten «Secret Love» og for å ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest i 1965, der ho kom på andreplass med låten «I Belong».[3] Utsjånaden og det blonde håret gjorde at ho fleire gongar vart samanlikna med Marilyn Monroe.[4] Populariteten til Kirby nådde toppen i 1960-åra, då ho var ein av dei mest kjende og verdsette personlegdommane i britisk underhaldingsliv.[1]

Kathy Kirby

Fødd20. oktober 1938
FødestadIlford, Chadwell Heath
Død19. mai 2011 (72 år)
DødsstadLondon
FødenamnKathleen O'Rourke
OpphavStorbritannia
Aktiv1960–2011
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapDecca Records
Verka somsongar

Kirby hadde ei skolert og kraftig røyst, og gjennom framsyningar på fleire tv-program oppnådde ho stor popularitet og fekk fleire topp ti-hitar i Storbritannia.[5] Ho vart også kåra til den beste britiske songaren av musikkmagasinet New Musical Express.[1] Men mot slutten av 1960-åra dala karrieren hennar, og i 1983 trekte ho seg heilt tilbake frå artistlivet og budde i South Kensington i London.[4]

Diskografi endre

Album endre

  • 1963 – Kathy Kirby Sings 16 Hits From Stars And Garters
  • 1966 – Make Someone Happy
  • 1968 – My Thanks to You

Singler endre

  • 1963 – «Dance On!»
  • 1963 – «Secret Love»
  • 1964 – «Let Me Go, Lover!»
  • 1964 – «You're the One»
  • 1965 – «I Belong»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Laing, Dave (20. mai 2011). «Kathy Kirby obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 13. april 2019. 
  2. «Farewell to Kathy Kirby, the 60s Golden Girl of Pop has died aged 72». Mail Online. 20. mai 2011. Henta 13. april 2019. 
  3. «Kathy Kirby: Singer best known for 'Secret Love' and her appearance in». The Independent (på engelsk). 21. mai 2011. Henta 13. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 Murray, James (1. mars 2009). «EXCLUSIVE: Kathy Kirby breaks her 26-year silence». Express.co.uk (på engelsk). Henta 13. april 2019. 
  5. «Kathy Kirby». IMDb. Henta 13. april 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kathy Kirby