Katrin Dörre-Heinig
Katrin Dörre-Heinig (fødd 6. oktober 1961) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Leipzig som vann bronsemedaljen i maratonløpet både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Friidretts-VM 1991 i Tokyo.
Katrin Dörre-Heinig | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 6. oktober 1961 (63 år) Leipzig |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1988 Summer Olympics – women's marathon, athletics at the 1992 Summer Olympics – women's marathon, athletics at the 1996 Summer Olympics – women's marathon |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Aktiv
endreDörre representerte Aust-Tyskland då ho i dei olympiske sommarleikane i Seoul sprang inn til bronsemedalje i maraton, pluss og minus eit halvt minutt etter gullvinnar Rosa Mota frå Portugal og australske Linda Martin. Tre år seinare representerte Dörre det samla Tyskland då ho vann ein ny bronsemedalje under verdsmeisterskapen i Tokyo, høvesvis 17 og 13 sekundar bakom dei andre medaljevinnanarane. Dei neste åra lukkast ho ikkje kome på medaljeplass i dei store meisterskapane, ho enda såleis på femteplass i Barcelona-OL 1992, sjetteplass i Stuttgart-VM 1993 og fjerdeplass i Atlanta-OL 1996.
Dörre vart trefaldig vinnar av både Osaka maraton (1984, 1991, 1997), Tokyo maraton (1984, 1985, 1987), London maraton (1992-94) og Frankfurt maraton (1995-97). Fortast sprang Dörre-Heinig då ho i 1999 vann Hamburg maraton for andre gong i rad og sette løyperekord med 2.24.35.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Katrin Dörre-Heinig» frå Wikipedia på tysk, den 18. juni 2019.