Katrine Sele
Katrine Sele (fødd 17. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Sunnfjord kommune.
Katrine Sele | |
Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
Fødd | 17. august 1972 (52 år) København |
Yrke | journalist, forfattar |
Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar - eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).
Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012 og Språkprisen for 2021.
I 2020 fekk ho Samlagsprisen.
Sele vart tilsett som kulturjournalist og -kritikar i Firda i 1998. I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Per 2021 jobbar ho på Høgskulen på Vestlandet.
Bibliografi
endreBøker
endre- 199? – Zuid en noord <utstillingskatalog> = Nord og sør (Dordrecht) [Tekst av Katrine Sele]
- 2000 – Månen er så liten som ein katt : 39 born fortel (Førde: Selja). ISBN 82-91722-11-0 I fulltekst ved nb.no
- 2001 – Tvisynt tvilar : eit portrett av Oddvar Torsheim (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-025-0 I fulltekst ved nb.no [Foto: Oddleiv Apneseth]
- 2006 – Herifrå (Førde: Selja). ISBN 82-91722-69-2 [Oddleiv Apneset [foto]]
- 2013 – Kenneth : historia om Kenneth Sivertsen (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8318-4
- 2017 – Jølster hotell : historier frå eit asylmottak (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9240-7
- 2021 – Einars bok (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-340-0284-7
I bøker - eit utval
endre- 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-521-7151-8 [Av innhaldet: Rosa prinsesse bestemmer alt / Katrine Sele]
- 2007 – Eventyrboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-138-2 [Av innhaldet: Kokken frå Calabria / Katrine Sele]
- 2011 – Trøysteboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-166-5 [Av innhaldet: Rita for alltid / Katrine Sele, s. 162-173]
- 2013 – Det fleirspråklege Noreg (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-190-0 [Av innhaldet: Kose med deg på Sande / Katrine Sele, s. 58-69]
- 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-086-2 [Av innhaldet: Eg var der, men du var ein annan plass / Katrine Sele]