Keaton Henson

britisk poet og musikar

Keaton Henson (fødd 24. mars 1988)[1] er ein engelsk folkrock-musikar, kunstnar og diktar frå London.

Keaton Henson

Keaton Henson (2012)
Fødd24. mars 1988 (35 år)
FødestadLondon i England
OpphavStorbritannia
AktivFrå 2009
SjangerFolkrock, alternativ rock
InstrumentVokal, gitar
PlateselskapOak Ten Records
Verka somSinger-songwriter, biletkunstnar, diktar
MorMarguerite Porter
FarNicky Henson

Keaton Henson var fødd i London. Henson er son av skodespelaren Nicky Henson og ballettdansaren Marguerite Porter.[2]

Musikk endre

Henson spelar som oftast gitar og syng. Han lid av kraftig sceneskrekk, og held derfor sjeldan konsert.[3] Henson er også kjent for å halda seg utanføre rampelyset, ved at han berre svarar på mail frå journalister med enkle spørsmål.

Musikkarrieren til Henson starta da han byrja å spele inn songar i heimen sin. Ein venn overtala Henson til å publisere songen på internett, og slik starta det heile. I november 2010 ga han ut sitt debutalbum, Dear..., men han gav berre ut ei lita mengde. Han produserte alt sjølv. I 2011 gav han ut singelen «Metaphors». Keaton Henson sitt gjennombrot var likevel 7. september 2011 då Zane Lowe spelte songen «You dont know how lucky you are» på BBC Radio 1. Songen fekk mykje merksemd frå publikum.[4]

Henson har halde seg mest aleine, og dette har sett eit tydelig preg på musikken hans. Songane har ei personleg meining og er ofte om noko trist, slik som hjartesorg og einsemd. Til dømes handlar songen «You dont know how lucky you are» om at den han elskar er med ein annan og han lurar på om han kjenner og elskar henne like godt som han gjer.

Henson gav ut albumet Dear... for andre gong i 2012 på sitt eige plateselskap, Oak Ten Records. Albumet blei veldig kritikarrost, og på Metacritic fekk albumet 70 av 100 poeng.[5] Musikkvideoen til «Small hands» vann prisen for beste musikkvideo på Rushes Soho Shorts i 2012.[6] Henson gav ut singelen The Lucky EP i juli i 2012.

Kjelder endre

  1. «Allmusic Keaton Henson». Keaton Henson. Henta 5. mai 2013. 
  2. Keaton Henson: 'Playing live? I have trouble just holding a conversation!', The Observer
  3. «The Guardian, Keaton Henson Interview». The Guardian. Henta 5. mai 2013. 
  4. «Zane Lowe YouTube clip». Motive Sounds. 8 September 2011. Henta 24 May 2013. 
  5. «Metacritic Dear... Score». Metacritic. Henta 8 May 2013. 
  6. «Promo News piece». Promo News. Henta 20 May 2013. [daud lenkje]