Keira Knightley
Keira Christina Knightley (fødd 26. mars 1985) er ein britisk skodespelar.
Keira Knightley | |||
| |||
Fødd | 26. mars 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Teddington | ||
Fødenamn | Keira Christina Knightley | ||
Aktive år | 1993– | ||
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar | ||
Mor | Sharman Macdonald | ||
Far | Will Knightley | ||
Ektefelle | James Righton | ||
Sambuar | Jamie Dornan, Del Synnott, Rupert Friend | ||
Prisar | Teen Choice Award for Choice Hissy Fit, Empire Award for Best Actress, Empire Award, offiser av Den britiske imperieordenen, Jupiter Awards |
Knightley har spelt i ei rekkje mindre kjende filmar, og spelte mot Natalie Portman i Star Wars episode 1, der Knightley hadde rolla som tenaren til dronninga. Gjennombrotet kom med ei hovudrolle i filmen Bend it like Beckham. Seinare fekk ho svært gode kritikkar for Pirates of the Caribbean, der ho spelte mot Orlando Bloom og Johnny Depp. Same år hadde ho òg ein rolle i filmen Love Actually, som likevel ikkje vart ein umiddelbar suksess. Knightley har spelt mot skodespelarar som Adrien Brody, Mickey Rourke, Hugh Grant, Clive Owen og ei rekkje andre. I ein alder av tjue hadde ho allereie vore nominert til Oscar for beste kvinneleg hovudrolle i filmen Pride and Prejudice.
Bakgrunn og oppvekst
endreKnightley vart fødd i Teddington i Richmond upon Thames i England som dotter av Sharman Macdonald, ein prisvinnande dramatikar, og Will Knightley, ein teater- og TV-skodespelar. Faren hennar er engelsk medan mora hennar er skotsk og delvis walisisk.[1] Ho har ein eldre bror, Caleb, som vart fødd i 1979.
Frå fjortenårsalderen jobba ho både som modell. Knightley har òg studert dans, har dysleksi[2] og heiar på fotball-laget West Ham.
Karriere
endreKnightley deltok i fleire fjernsynsfilmar på midten og mot slutten av 1990-talet før ho fekk rolla som Sabé, lokkedua til Padmé Amidalas, i science fiction-filmen Star Wars Episode I: Den skjulte trussel. Knightley fekk rolla grunna likskapen hennar med Natalie Portman som spelte Padmé. Det vart sagt at mødrene til dei to skodespelarane hadde vanskar med å skilja døtrene sine frå kvarandre når dei var sminka.[3] Knightleys første hovudrolle kom i 2001 då ho spelte dottera til Robin Hood i den amerikanske fjernsynsfilmen Princess of Thieves. På same tid fekk ho ei rolle i thrilleren The Hole som vart send ut som direkte-til-video i USA. Ho opptredde i ein miniserie av Doctor Zhivago for fjernsyn. Serien fekk blanda omtale, men hadde høge sjåartal.
I 2018 vart ho utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire for sin innsats for skodespelarkunsten og for velgjerande innsats.[4][5]
Filmografi
endreÅr | Film | Originaltittel | Rolle | Prisar/nominasjonar |
---|---|---|---|---|
2020 | Misbehaviour | Sally Alexander | ||
2019 | Greed | Seg sjølv | ||
2019 | The Aftermath | Rachael Morgan | ||
2019 | Berlin, I Love You | Jane | ||
2019 | Official Secrets | Katharine Gun | ||
2018 | The Nutcracker and the Four Realms | Sukkerfeen | ||
2018 | Colette | Gabrielle Colette | ||
2017 | Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales | Elizabeth Swann-Turnar | ||
2016 | Collateral Beauty | Amy / "Love" | ||
2015 | Everest | Jan Hall | ||
2015 | Legends of Chima: Fire Vs Ice | Rinona | ||
2014 | The Imitation Game | Joan Clarke | ||
2014 | Laggies | Megan | ||
2014 | Jack Ryan: Shadow Recruit | Cathy Mullar | ||
2013 | Begin Again | Gretta | ||
2012 | Anna Karenina | Anna Arkadyevna Karenina | ||
2011 | A Dangerous Method | «Sabina Spielrein» | ||
2010 | London Boulevard | «Charlotte» | ||
2010 | Last Night | «Joanna Reed» | ||
2010 | Never Let Me Go | «Ruth» | ||
2009 | The Continuing and Lamentable Saga of the Suicide Brothers | Fea | ||
2008 | The Duchess | «Georgiana» | ||
2008 | The Edge of Love | «Vera Phillips» | ||
2007 | Silk | «Hélène Joncour» | ||
2007 | Om forlatelse | Atonement | «Cecilia Tallis» | Golden Globe |
2007 | Pirates of the Caribbean: At World's End | «Elizabeth Swann» | ||
2006 | Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest | Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest | «Elizabeth Swann» | |
2005 | Domino | «Domino Harvey» | ||
2005 | Stolthet og fordom | Pride and Prejudice | «Elizabeth Bennet» | Oscarnominasjon |
2005 | The Jacket | «Jackie» | ||
2004 | King Arthur | «Guinevere» | ||
2003 | Doctor Zhivago (TV) | «Lara Guishar» | ||
2003 | Love Actually | «Juliet» | ||
2003 | Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl<br id="mwAYk"><br><br><br> | Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl |
«Elizabeth Swann» | |
2002 | Guten med prompebuksene | Thunderpants | ukreditert rolle som elev ved musikkskolen | |
2002 | Pure | «Louise» | ||
2002 | Skru'n som Beckham | Bend It Like Beckham | «Jules» | |
2001 | Princess of Thieves | «Gwyn» | ||
2001 | The Hole | «Frankie Smith» | ||
2000 | Oliver Twist | «Rosa Fleming» | ||
1999 | Star Wars Episode I: Den skjulte trussel | Star Wars: The Phantom Menace | «Sabé» | |
1996 | The Treasure Seekers | Prinsessa | ||
1995 | Uskyldige løgner | Innocent Lies | «Unge Celia» | |
1994 | Sommerflørten | A Village Affair | «Natasha Jordan» |
Kjelder
endre- ↑ Keira Knightley On Welsh Accents and Life After Pirates, rottentomatoes.com
- ↑ Keira Knightley Biography – Yahoo! Movies (Engelsk).
- ↑ Buchanan, Jason: «Keira Knightley» Arkivert 2008-06-23 ved Wayback Machine.. MSN Movies.
- ↑ Birthday Honours 2018: the Prime Minister's list, gov.uk.
- ↑ Pieri, Kerry (13. desember 2018). «Keira Knightley Received Her OBE from Prince Charles in the Chicest Chanel Skirt Suit» (på engelsk). Henta 8. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Keira Knightley» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Keira Knightley ved The Internet Movie Database (IMDb)