Karl V av Det tysk-romerske riket

(Omdirigert frå Keisar Karl V)

Karl V (24. februar 150021. september 1558) var keisar av Det tysk-romerske riket i åra mellom 1519 og 1556; han var dessutan konge av Spania 1516–1556.[1]

Karl V

Fødd24. februar 1500
FødestadGent
Død21. september 1558
DødsstadSan Geronimo de Yuste
GravstadCripta Real del Monasterio de El Escorial
Gift medIsabella av Portugal
DynastiSpanish House of Habsburg, Habsburg
FarFilip I av Castilla
MorJohanna av Castilla
BornFilip II av Spania, Maria av Østerrike, Infante Fernando of Austria, Johanna av Østerrike, Isabel of Castile, Margareta av Parma, Tadea of Austria, Don Juan de Austria

Bakgrunn

endre

Karl var son av Filipp I og Johanna av Castilla.[1] Han vart fødd i Gent i dagens Belgia og døydde i Yuste i Extremadura i Spania.[1] Han var barnebarn av Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla og av keisar Maximilian og hertuginne Maria av Burgund.[1] Såleis høyrde til han fyrstehuset Habsburg.[1]

Keisartid

endre

Karl V var den siste tysk-romerske keisaren som vart krona av paven.[1]

Han er òg kjend som den som var keisar då Martin Luther praktiserte si forkynning, og han kalla Luther inn til eit møte der Luther vart lyst i bann av katolikkane. Keisaren heldt fast ved sin religion, og han ynskte i utgangspunktet å kjempa for katolisismen i samband med reformasjonen. Seinare godtok keisaren ei avtale mellom katolikkar og protestantar.

Karl V førte krig mot det osmanske riket, som utgjorde eit trugsmål mot Italia, Austerrike og kysten av Spania. Erkefienden, Frans I (François premier), kongen av Frankrike, allierte seg derimot med osmanarane for å svekka makta til Karl.

Som spansk konge var han eigentleg Carlos I, Karl I av Spania, men vert ofte omtala som Karl V (Carlos Quinto eller Carlos V) i Spania og Latinamerika. Andre namnevariantar er Charles V og Karel V.

Karl V vart fødd i Flandern, og må dermed ha lært seg fransk og nederlandsk på eit tidleg tidspunkt. Då han kom til Spania, lærde han fort å tala godt kastiljansk spansk. Han skal visstnok ha sagt «Eg talar spansk med Gud, fransk med menn, italiensk med damer og tysk med hesten min».

Sidan han òg herska over spanske koloniar i Latin-Amerika og på Filippinane, skal han òg ha sagt «I mitt rike går sola aldri ned».

 
Keisar Karl V. (Portrett måla av Christoph Amberger, kring 1532)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Karl V av Det tysk-romerske riket