Johannes Kepler

(Omdirigert frå Kepler)

Johannes Kepler (27. desember 157115. november 1630) var ein tysk matematikar, astronom og optikar. Kepler er mest kjend for at han formulerte lovene for planetane sine rørsler. Desse vert kalla dei keplerske lovene. Kepler var ein nøkkelperson under den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Verka hans danna eit av grunnlaga for Isaac Newton sin teori om universll gravitasjon.

Johannes Kepler

FøddJohannes Kepler
27. desember 1571
Weil der Stadt
Død15. november 1630
Regensburg
NasjonalitetDet tysk-romerske riket
Områdeoptikk, astronomi, matematikk, mekanikk
Yrkenaturvitar, astrolog, teolog, matematikar, astronom, musikkforskar, fysikar, kosmolog, musikkteoretikar, filosof, skribent, lærar
InstitusjonarKarl-Franzens-Universität Graz
Alma materUniversitetet i Tübingen
Evangelical Seminaries of Maulbronn and Blaubeuren
Tübinger Stift
DoktorgradsrettleiarMichael Mästlin
Kjend forDei keplerske lovene
Kepler si gjetting
EktefelleBarbara Müller
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
Signatur

Livssoge endre

Som ung tok Kepler utdanning i matematikk. Seinare drog han til Polen, der han vart assistent for Tycho Brahe. Da denne døydde i 1601 utnemnde keisar Rudolf II han til keisarleg matematikar. Slik vart han både ein kjend astronom og fekk tilgang til dei fremste forskingsresultata i samtida.

Verk endre

  • Mysterium Cosmographicum (Det kosmiske mysterium), 1596
  • De Stella nova in pede Serpentarii (Om den nye stjerna i Slangens fot), 1604
  • Astronomiae Pars Optica (Den optiske sida ved astronomien), 1604
  • Astronomia Nova (Ny astronomi), 1609
  • Dioptrice, 1611
  • Harmonices Mundi (Verdens harmonier), 1619
  • Epitome astronomiae Copernicanae, utgitt i tre delar 1618–1621
  • Tabulae Rudolfinae, 1627
  • Somnium, 1634
  • Nova stereometria doliorum vinariorum

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Johannes Kepler
  Commons har multimedium som gjeld: Johannes Kepler
  Denne vitskapartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.