Kerman-provinsen (farsi استان کرمان), Ostān-e Kermān) er ein av 31 provinsar i Iran. Kerman ligg søraust i Iran med provinshovudstad i byen Kerman. I 2014 vart provinsen plassert i Region 5.[1] Området er nemnt i antikken som akamenide-provinsen Karmania,[2] og er den nest største provinsen i Iran med ei flatevidd på 180 726 km², som utgjer nesten 11 prosent av heile Iran. Innbyggjartalet i provinsen er kring tre millionar. Kerman-provinsen er vidare delt inn i fylka Baft, Bardsir, Bam, Jiroft, Rafsanjan, Zarand, Sirjan, Shahr-e-Babak, Kerman, Mahan, Rayen, Kahnuj, Qaleh Ganj, Manujan, Roodbar-e-Jonob, Anbar Abad og Ravar.

Kerman-provinsen
استان کرمان
Provins
Land  Iran
Region Region 5
Fylke 23
Hovudstad Kerman
Areal 180 726 km²
Folketal 3 164 718  (2016)
Folketettleik 18 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Språk persisk, balutsji
Kart
Kerman-provinsen
29°13′N 57°04′E / 29.21°N 57.07°E / 29.21; 57.07
Wikimedia Commons: Kerman Province
Nettstad: gov.kr.ir

Geografi endre

Fjellområda i provinsen er ei forlenging av dei sentrale fjellkjedene i Iran. Dei strekkjer seg frå vulkanfjella i Aserbajdsjan og forgreinar seg ut på det sentrale platået i Iran, og endar i Balutsjistan. Bashagard og Kuh-e Bananfjella er dei høgaste i regionen med toppar som Toghrol, Aljerd, Palvar, Sirach, Abareq og Tahrood. Andre fjellkjeder strekkjer seg ut frå Yazd til Kerman og Challeh-ye-Jazmoorian, med toppar som Hazaran på 4 501 moh, Kuh-e Shah 4 402 moh, Joupar, Bahr Aseman og Khabr.

Det meste av provinsen er likevel stort sett steppe eller sandørken, sjølv om det finst enkelte oasar der det vert dyrka dadlar, appelsinar og pistasje. I oldtida var «karmansk» vin kjend for kvaliteten sin [Strabon XV.2.14 (kap. 726)]. Provinsen er avhengig av qanatar (underjordiske vasskanalar) til vatning.

Kerman er utsett for naturkatastrofar. I nyare tid har flaum til dømes avdekt den arkeologiske oldtidsbyen Jiroft sør i Kerman-provinsen. Arg-é Bam, den største adobe-strukturen i verda, vart på den andre sida øydelagd i Bam-jordskjelvet i 2003. 22. februar 2005 tok eit stort jordskjelv livet av hundrevis av innbyggjarar i byen Zarand og fleire andre, nærliggande landsbyar nord i Kerman.

Klima endre

Klimet i provinsen er variert. I nord, nordvest og i sentrale områder er det tørt og moderat klima, medan i sør og søraust er vêret varmt og relativt fuktig. Byen Kerman og området rundt har eit delvis moderat og tørt klima, med normale temperaturar som varierer frå kring 40 °C og -7 °C. Middeltemperaturen i månadane mars til juni er 20°-25 °C. Desse månadane høver seg vêrmessig best for reise og turisme.

Kjelder endre

  1. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  2. «CARMANIA». iranicaonline.org.