Daddel

(Omdirigert frå Dadlar)
Daddel
Daddelpalmar i Marokko
Daddelpalmar i Marokko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Underfamilie: Coryphoideae
Stamme: Phoeniceae
Slekt: Phoenix
Art: Daddel P. dactylifera
Vitskapleg namn
Phoenix dactylifera

Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i palmefamilien. Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten.

SkildringEndra

Daddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange.

 
Dadlar på treet.

DadlarEndra

Daddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr

 
Aveny av daddelpalmar i Anaheim i California.

DyrkingEndra

Daddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante.

Verdas eldste spirande frøEndra

Eit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira.[1] Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNAet med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko.

Daddel i kulturenEndra

Daddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.[2]

Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytte henne i riksvåpenet. Ho er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.[3]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Connor, Steve: 2,000-year-old seed grows into 'tree of life' for scientists, The Independent, 13. juni 2008
  2. Bukhari, Hadith 3:411, fortald av Ibn 'Umar
  3. Date Palm Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine. ved foodmuseum.com

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Daddel
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Phoenix dactylifera