Ketill Are Hanstveit (fødd 2. november 1973) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen. Han vart noregsmeister i tresteghopp 1992-94, 1997-99 og 2001-02. Under NM i friidrett 1999Byrkjelo sette han norsk rekord i øvinga med 17,27 meter, ein prestasjon som gav han kongepokal nummer 2. Også i 1998 vart han tildelt kongepokalen i NM. Hanstveit er medlem i IL Norna-Salhus.

Ketill Hanstveit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. november 1973 (50 år)
Bergen
Idrett friidrett, tresteg
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Aktiv endre

Frå 1991 til 2002 vann Hanstveit årleg ein medalje i tresteghopp i noregsmeisterskapen. Til saman sanka han åtte gullmedaljar, to sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Den store framgangen kom i 1993-sesongen då han den 17. juli hoppa 16,71 meter på Bismo. Nokså nøyaktig eitt år seinare forbetra han sitt personbeste til 16,76 m i Tønsberg. På Byrkjelo 13. juli 1997 la han på til 16,86 m og 7. juni 1998 presterte han i Malmö 16,88 m under B-Europacupen for landslag.

Hanstveit hoppa over 17 meter fyrste gongen ved NM i friidrett 1998Askøy. I tre sekundmeters medvind landa han på 17,20 m, akkurat nok til at han fekk tildelt kongepokalen for menn. Året etter var det ingen tvil om kongepokalen i noregsmeisterskapen 1999, med eit hopp på 17,27 meter på Byrkjelo den 8. august sette han ein norsk tresteg-rekord som også gjeld i 2022.

Under NM i friidrett 1997 tok Hanstveit med eit hopp på 7,24 meter sølvmedaljen i lengde-øvinga.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre