Kevin Vågenes

norsk skodespelar og komikar

Kevin Vågenes (fødd 3. november 1986) er ein norsk skodespelar, komikar og manusforfattar. Vågenes starta karrieren sin i 2011 i TVNorge og har sidan spelt i fleire andre program og seriar. Hausten 2018 fekk han stor merksemd og ros for innsatsen i humorserien Parterapi.[1][2][3]

Kevin Vågenes
Fødd3. november 1986 (38 år)
FødestadBergen
Aktive år2011-
Verka somskodespelar, manusforfattar, komikar
PrisarKomiprisen 2015, Humorprisen 2018, Gullruten 2019

Bakgrunn

endre

Vågenes er i frå Hjartås i Meland kommune nord for Bergen. Han er utdanna som skodespelar i Stockholm og ved University of Southern California i Los Angeles. Han debuterte i TV-serien Nissene over skog og hei på TVNorge i 2011, og har sidan vore knytta til Seefood TV. Han var med i KollektivetTV 2 heilt frå starten i 2011 saman med Cecilie Steinmann Neess, Jakob Schøyen Andersen, Fridtjof Josefsen og Sebastian Trulsrud Brynestad. Han var òg programleiar for The Voice saman med Øyvind Mund i 2013.

Vågenes har gjort ei rekkje TV-framferder og fekk gjennombrotet sitt i TV-serien Mellom bakkar og bergTVNorge i 2015, ein innsats han mottok prisen Årets gjennombrudd for på Komiprisen 2015.

Hausten 2017 fekk han stor suksess med nettserien ParterapiNRK, som vart følgt opp med ein ny sesong hausten 2018 og har vorte fornya for ytterlegare ein ny sesong.[4] For andre sesong av serien vart han kåra til årets morosamaste på TV medan serien vart kåra til årets humorprogram under Humorprisen 2018.[5] I Gullruten 2019 vart han nominert i tre klassar for Parterapi: beste skodespelar, publikumsprisen og beste manus TV-drama. Sjølve serien vann dessutan klassa for beste sminka og vart nominert i klassa beste humorprogram.[6][7] Han fekk Leif Justers Ærespris for 2019 med eit prisbeløp på 30 000 kroner.[8]

Jula 2017 spelte han tre av dei leiande rollefigurane i storsatsinga Jul i Blodfjell på TVNorge.

Han bur delar av året i Los Angeles og har blant anna spelt i Peter Stormares TV-serie Swedish Dicks i Hollywood.

Filmografi

endre
  • 2012 Tinte & Bettina – The Movie … Emo

TV-seriar

endre

Referansar

endre
  1. Moe, Marianne Lein (14. november 2018). «TV-serien «hele» Norge ler av». itromso.no (på norsk bokmål). Henta 27. desember 2018. 
  2. «Kommenterer «Parterapi»: Og vi lo. Og vi lo». www.vg.no (på norsk). 16. november 2018. Henta 27. desember 2018. 
  3. Heiervang, Camilla. «Med høstens store landeplage har Kevin Vågenes gitt nordmenn en felles måte å beskrive kjærestene sine på». Aftenposten. Henta 27. desember 2018. 
  4. ««Parterapi»-skaperen om suksessen: – Dette har vært helt overveldende». NRK. 13. november 2018. Henta 17. november 2018. 
  5. «Denne «Parterapi»-karakteren liker Kevin Vågenes best». nrk.no. 18. januar 2019. Henta 22. januar 2019. 
  6. «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». nrk.no. 5. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  7. «Gullruten fagprisene 2019: Vinnerne». rushprint.no. 2. mai 2019. Henta 7. mai 2019. 
  8. «Parterapi-Kevin fikk Juster-pris». nrk.no. 11. mars 2019. Henta 16. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre