Khálki
Khálki (gresk Χάλκη), òg kalla Chalki, Halki og Khalke, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg om lag 6 km vest for Ródos. Med eit areal på 28 km² er ho ei av dei minste busette øyane i Dodekanesane, og ho har ein busetnad på 478 innbyggjarar (2011), som bur i landsbyen Emborió eller Khálki by.[1] Landsbyen er delt i to delar, Khorió og hamna.
Khálki Lokalt namn Χάλκη | |
---|---|
Hamna i Khálki | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°14′N 27°34′E / 36.233°N 27.567°E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 37,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Ródos |
Største busetnad | Khálki (478 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 478 (2011[1]) |
Folketettleik | 12,9 /km² |
Khálki er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya hadde tidlegare langt fleire innbyggjarar, men mange emigrerte på midten av 1900-talet. Ruinane av ei mellomalderborg laga av Maltesarordenen ligg ovanfor gamlebyen, og kapellet inneheld nokre originale fresker.
Øya har nesten ikkje vasskjelder og regnvatn vert samla i cisterner. Drikkevatn vert transportert frå Ródos, men i sommarmånadane kan det verte vassmangel.
Hovudnæringa på øya er turisme, men fiske utgjer òg ein vesentleg del av næringa.
Mellom Khálki og Ródos ligg Alimiá og mange andre mindre klippeøyar.
Byar og tettstader endre
Den einaste tettstaden i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Khálki | 478 |
Småøyar i kommunen:
- Ájos Theódoros (0)
- Alimiá (0)
- Káto Prasoúa (0)
- Kolófonas (0)
- Krevátia (0)
- Maelonísi (0)
- Makrí (0)
- Nípouri (0)
- Páno Prasoúa (0)
- Strongýli (0)
- Sfýra (0)
- Tragoúsa (0)
- Tsoúka (0)
Referansar endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelde endre
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chalki frå Engelsk Wikipedia .