Vesle Khabur

(Omdirigert frå Khabur ved Tigris)

Khabur (eller Vesle Khabur; kurdisk Xabûr, tyrkisk Habur, Khabir eller Habur Suyu; suyu tyder 'vatn') er ei elv som spring ut i Uludere i provinsen Şırnak, i Aust-Anatolia i Tyrkia, og vert danna av ei rekkje mindre elvar som renn frå Taurusfjella søraust for Hakkâri. Ho renn generelt sørover og kryssar grensa inn i Irak før ho i rak endra retning og renn vestover gjennom byen Zakho, som ho deler i to.[1] før ho vert kryssa av den antikke, mogeleg romerske, brua i Delal. Få kilometer vest for den irakiske byen Zakho mottar Vesle Khabur den største sideelva si, Hezil Suyu, og munnar ut i Tigris ved trippelpunkt mellom Tyrkia, Irak og Syria.

Vesle Khabur
Habur, Habur Suyu, Khabir
periodevis elv
Land  Tyrkia,  Irak
Region Irakisk Kurdistan, Aust-Anatolia
Distrikt Uludere, Zakho
Tilløp
 •  høgre Hezil Suyu
By Zakho
Kjelde
 - stad Uludere, Şırnak Province, Tyrkia
 - koordinatar 37°30′49.23″N 43°7′6.03″E / 37.5136750°N 43.1183417°E / 37.5136750; 43.1183417
Munning Tigris
 - stad nær Faysh Khabur, Irak-Syria-Tyrkia
 - koordinatar 37°6′9.47″N 42°21′10.12″E / 37.1026306°N 42.3528111°E / 37.1026306; 42.3528111
Kart
Vesle Khabur
37°06′04″N 42°21′11″E / 37.10111111°N 42.35305556°E / 37.10111111; 42.35305556
Omtrentleg posisjon for Vesle Khjabur (grøn linje) og hovudkjelda hennar, Hezil Suyu (raud linje)
Omtrentleg posisjon for Vesle Khjabur (grøn linje) og hovudkjelda hennar, Hezil Suyu (raud linje)
Omtrentleg posisjon for Vesle Khjabur (grøn linje) og hovudkjelda hennar, Hezil Suyu (raud linje)
Wikimedia Commons: Khabur (Tigris)

Kjelder

endre