Khanty-Mansijsk

by i Russland
(Omdirigert frå Khanty-Mansisk)

Khanty-Mansijsk (russisk Ханты-Мансийск) er ein by i Vest-Sibir i Russland, og hovudstad i det autonome distriktet Khanty-Mansia. Folketalet er om lag 65 000 innbyggjarar (2008). Byen vart grunnlagd i 1930 som tettstaden Ostjako-Vogulsk. I 1940 skifta han namn til Khanty-Mansijsk, og i 1950 fekk han bystatus. Han ligg ved elva Irtysj. Dei siste åra har byen sin økonomi nytt godt av store oljeinntekter. I 2003 arrangerte byen verdsmeisterskapen i skiskyting, og her vert jamleg arrangert verdscuprenn i skiskyting.

Khanty-Mansijsk
Ханты-Мансийск
Horisonten til Khanty-Mansijsk
Horisonten til Khanty-Mansijsk
Flagget til Khanty-Mansijsk Byåpenet til Khanty-Mansijsk
Flagget til Khanty-Mansijsk Byvåpenet til Khanty-Mansijsk


Plassering
Khanty-Mansijsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1930
1950
Geografi
Flatevidd
 - By

337,76 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

67 761
  200,6 /km²
Koordinatar 61°0′31″N 69°1′36″E / 61.00861°N 69.02667°E / 61.00861; 69.02667
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) (+7) 34671
Nettstad: www.admhmansy.ru
Oppstandelseskyrkja i Khanty-Mansijsk

Distriktet har status som autonomt distrikt fordi det er sentrum i området for khantyane og mansiane, talarane av dei ob-ugriske språka khantisk og mansisk.