Khibiny (russisk Хибины) er ei av dei to største fjellkjedeneKolahalvøya i Russland.

Khibiny om vinteren

Massivet har ei oval form som dekkjer om lag 1300 km² av dei sentrale områda av halvøya. Ho har ei høgd på 900-1000 meter og det høgaste punktet er Judytsjvumtsjorr på 1191 meter over havet. Fjelltoppane er forma som platå med barre fjellsider og isbrear, ismarker og snømarker enkelte stader. Terrenget er generelt fjelltundra.

Om lag 5 km frå det austlegaste punktet i Khibiny ligg det andre massivet, Lovoziorskije Tundry.

Massivet er seismisk aktivit og særs rikt på forskjellige mineral, hovudsakleg apatitt- og nefelinmalm.

Ved foten av fjellkjeda ligg byane Apatity og Kirovsk.

Bakgrunnsstoff

endre

67°44′05″N 33°43′34″E / 67.73472°N 33.72611°E / 67.73472; 33.72611