Kho-kho er eit sørasiatisk lagspel med tikking. Det blir spelt på ein firkanta bane merkt opp med midt- og sidelinjer.

Kho-khospel på ein skule i Haryana i India.
Skisse av ein kho-khobane med spelarar.

Spelet går føre seg i omgangar på rundt 7 minutt der kvart lag bytter på å vera inne og ute. Ved byrjinga av ein omgang sit typisk åtte spelarar frå eit lag langs midtlinja på banen med hovudet vend annankvar veg. Den niande byrjar som fangar.[1]

Tre medlemmer frå det andre laget spring inn på banen og skal unngå å bli tikka av dei sitjande spelarane eller fangaren. Dei kan kryssa midtlinja, medan fangaren ikkje kan gjera det. Fangaren kan i staden bytta plass med ein sitjande spelar ved å røra han bakfrå og seia «kho» høgt og tydeleg.[1]

Dersom alle dei tre som gjekk inn på banen blir tekne, må tre nye spelarar frå same laget koma inn på banen før fangaren som tikka den siste har sagt «kho» til ein av medspelarane sine.[1]

Kho-kho er utbreidd i Sør-Asia, og blir spelt i friminutt og gymtimar.[1] Det blir også halde turneringar i spelet. Spelet har også spreidd seg til Sør-Afrika gjennom den indiske befolkninga der.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Peter A. Hastie (1 July 2010). Student-Designed Games: Strategies for Promoting Creativity, Cooperation, and Skill Development. Human Kinetics. s. 52–. ISBN 978-0-7360-8590-8. Henta 7 March 2012. 
  2. A trip through SA's indigenous games. sowetanlive.co.za 14 March 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kho-kho