Khujtnij orgil
Khujtnij orgil (mongolsk Хүйтний оргил, Den kalde toppen) eller Khüitenfjellet (mongolsk Найрамдал оргил, Nairamdal orgil, Хүйтний оргил, Khuijtij orgil, òg Venskapstoppen) er det høgaste punktet i Mongolia og ligg heilt vest i landet. Toppen har ei høgd på 4 374 meter over havet og ligg under eit permanent snødekke. Han er ein av dei fem toppane i Tavan Bogd-massivet («dei fem helgenane») i lag med Venskapstoppen (Nairamdal), Bürged Uul (Ørnefjellet), Naran Uul og Ölgij Uul. Området som massivet ligg i har dei siste åra vorte eit populært turistmål.
Khujtnij orgil | |||
fjell | |||
Land | Mongolia, Kina | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Altajfjella | ||
Høgd | 4 374 moh. | ||
Primærfaktor | 2 342 m | ||
Koordinatar | 49°09′N 87°47′E / 49.150°N 87.783°E | ||
Khujtnij orgil 49°08′45″N 87°49′09″E / 49.145833333333°N 87.819166666667°E |
Desse toppane dannar grensetriangelet mellom Mongolia, Russland og provinsen Xinjiang i Kina. Dette er òg staden i Mongolia som ligg nærast Kasakhstan, som berre er 40 km unna.