Kiberg er ein tettstad i Vardø kommune i Finnmark. Staden ligg på nordsida av munningen til Varangerfjorden, nær det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg, Kibergsneset, og om lag 10 km frå Vardø by. E75 går gjennom Kiberg.

Kiberg
busetnad
Foto: magnethy
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vardø
Areal 0,30 km²
Folketal 212 (4. november 2019)[1]
Postnummer 9960 KIBERG
Kart
Kiberg
70°17′07″N 30°59′53″E / 70.285277777778°N 30.998055555556°E / 70.285277777778; 30.998055555556
Wikimedia Commons: Kiberg

Kiberg har vore eit viktig fiskevær i fleire hundre år og er det framleis i dag. I 2020 hadde tettstaden 202 innbyggjarar.[2]

Historie endre

Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen flykta meir enn 50 menn og kvinner frå Kiberg over grensa til Sovjetunionen.[3] 45 av mennene gjekk inn i Den raude arméen, og fleire av dei var på spionoppdrag attende i det nazi-okkuperte Nord-Troms og Finnmark. Ei av oppgåvene var å overvake den tyske skipstrafikken og rapportere attende til Sovjet om det som skjedde. Dette arbeidet førte til at sovjetarane klarte å finne og senke ca. 80 tyske lasteskip. Nær halvparten av dei 45 partisanane frå Kiberg vart fanga og drepne av tyskarane. Etter krigen reiste nesten alle dei overlevande attende til Kiberg. I etterkrigstida vart mange av dei misstenkte for å vere spionar for Sovjet og utsett for overvaking, og Kiberg vart kalla «Lille Moskva». Det tok lang tid før Kiberg-partisanane vart heidra for innsatsen sin for Noreg. I 2000 vart Partisanmuseet opna i det tidlegare skuleinternatet i Kiberg.

Folk frå Kiberg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Tettsteders befolkning og areal». Statistisk sentralbyrå. 
  2. Askheim, Svein (23. august 2023). «Kiberg». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Arne Egil Tønset (9. juni 2018). «De hemmelige agentene Norge helst ville glemme». NRK.no. 
  Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.