Kihnu er ei øy i Austersjøen, og den sjuande største øya i Estland med eit areal på 16,4 km². Øya er òg den største øya i Rigabukta.

Kihnu
Strand på Kihnu
Strand på Kihnu
Geografi
Stad Rigabukta
Koordinatar 58°07′N 23°58′E

Areal 16,4 km²

Administrasjon
Land Estland
Maakond Pärnu maakond

Demografi
Folketal 639 (2004)

Øya er ein del av Pärnu fylke i Estland. I lag med naboøyane dannar ho Kihnu kommune, den minste kommunen i fylket. Kihnu er ei flat øy og er berre 8,5 moh på det høgaste.

Kihnu har 639 innbyggjarar (2004) i fire landsbyar: Lemsi, Linaküla, Rootsiküla og Sääre. Ein kan nå Kihnu med ferje frå Pärnu eller med fly. Om vinteren er det jamvel råd å gå til øya på isen.

Kultur endre

Vottane frå Kihnu og dei stripete skjørta er kjende i fleire land, hovudsakleg blant handverkarar og forskarar.

UNESCO utropte kulturområda og tradisjonane på Kihnu til eit Meisterverk av mennesket si muntlege og immaterielle arv den 7. november 2003.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre