Kilebygda kyrkje
Kilebygda kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1859 i Skien kommune i Telemark.
Kilebygda kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Kilebygda | ||
Fellesråd | Skien | ||
Type | åttekantkyrkje | ||
Arkitekt | Christian H. Grosch | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 15. september 1859 | ||
Klokker | 2, frå 1901 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja og lengre sør | ||
Preikestol | Snekra av G. Kongerød, måla av Ola Heia. | ||
Altartavle | Kross måla av Ola Heia. | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1965. | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Kilebygda kyrkje 59°07′02″N 9°25′54″E / 59.11711389°N 9.43164722°E | |||
Wikimedia Commons: Kilebygda kirke |
Kyrkja vart oppført av byggmeister Gunnar Kongerød etter ei typeteikning av Christian H. Grosch.
Kyrkjegarden vart teken i bruk saman med kyrkja, men grunnen eignar seg ikkje særskilt godt til gravplass. I 1883 vart ny kyrkjegard ved Rognsbru, litt lengre sør, teken i bruk. Sidan er det fylt på jord ved kyrkja, og begge kyrkjegardane er i bruk i dag. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart oppført i 1954.
Kjelder
endre- Gisholt, Trygve (1959). Kilebygda kirke 1859-1959: en kort oversikt ved 100 års jubileet. Skien: Kjær trykkeri.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Kilebygda kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 18-19. ISBN 82-90695-00-4.
- Skien kyrkjelege fellesråd
- «Kilebygda kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endre- Solumkirkene Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine.
- Kilebygda kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.