Opna hovudmenyen

Kilija (ukrainsk Кілія, russisk Килия, rumensk Chilia (-Nouă), polsk Kilia; gresk Kellia, tyrkisk Kilya) er ein liten by i Odessa oblast (provins) sør i det vestlege Ukraina. Han er det administrative senteret i Kilija rajon (distrikt) og ligg i Donaudeltaet.

Kilija
Кілія
by
Kilianova.jpg
Kiliyj på 1400-talet
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Odessa oblast
Rajon Kilija
Koordinatar 45°27′N 29°14′E
Areal 195 km²
Folketal 22 884 (2004)
Folketettleik 117 / km²
Grunnlagd 862
Borgarmeister Valentin Ivanovitsj Bobrovskyj
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 68300 - 68303
Retningsnummer +380 4843
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kiliya

Ein by på den rumenske sida av grensa, kalla Chilia Veche (ukrainsk Cтapa Кілія, Stara Kilija) eller Gamle Kilija, vart grunnlagd av Austromarriket og namnet vart først nemnt i 1241.

Kilija vart derfor stundom omtalt som Nova Kilija eller Nye Kilija. Han vart grunnlagd av Stefan den store av Moldavia for å stå imot Det osmanske riket som hadde fått kontroll over Chilia Veche på 1400-talet. Byen var ein viktig hamneby i Moldavia, men òg denne byen vart etter kvart erobra av osmanarane i 1484, som heldt han fram til 1790, då han vart erobra av Det russiske imperiet under general Ivan Gudovitsj i løpet av den russisk-tyrkiske krigen (1787–1792). Byen vart gjeven attende til osmanarane i 1792, men teken nok ein gong av russarane i 1806, som fekk stadfesta eigarskapen over byen i 1812.

Byen vart bombardert av den engelsk-franske flåten i juli 1854 under Krimkrigen og gjeven til Romania med freden i Paris i 1856. I 1878 vart Kilija overført til Russland i lag med Budjak. Mellom 1918 og 1940 var han igjen ein del av Romania. Etter andre verdskrigen har han høyrt til Ukraina.

KjelderEndra