Kimmo Paavali Kinnunen, (fødd 31. mars 1968) i Äänekoski, er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar. Han vart verdsmeister i spydkast i Tokyo 1991 og fekk sølvmedaljen i VM 1993. Med sterke konkurrentar i heimlandet, klarte han aldri å verte finsk meister. Han er son til tidlegare verdsrekordhaldar i spydkast, Jorma Kinnunen.

Kimmo Kinnunen
Statsborgarskap Finland
Fødd 31. mars 1968 (56 år)
Äänekoski
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Kimmo Kinnunen vart utteken til dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul, der han i kvalifiseringa til finalen sette personleg rekord med 80,24 m. Det var hans fyrste kast over 80 m, i finalen måtte han nøye seg med ein tiandeplass (78,04 m). Til europameisterkapen 1990 i Split kom han med gode voner etter å ha kasta spydet 83,10 m, noko i førevegen. Med eit kast på moderate 79,00 m enda han på åttande plass.

Året etter forbetra han i forsesongen sin personlege rekord til 85,46 m. Under VM 1991 i Tokyo i september var han i sitt livs form. I kvalifiseringa forbetra han personleg rekord med heile tre meter til 88,48 m. I finalen slo han i fyrste kast til med eit kast på 90,82 m. Ingen andre kastarar passerte 90-metersstreken med sine spyd, landsmannen og erkerivalen Seppo Räty måtte sjå seg nøgd med sølv.

I Sommar-OL 1992 i Barcelona hamna Kinnunen på fjerdeplass. Han revansjerte seg året etter, då han i VM i Stuttgart etter middelmåtige kast i kvalifiseringa slo til med årsbeste i finalen. Eit kast på 84,78 m heldt til sølv. Som i OL året føreåt, var Jan Železný den ingen makta slå.

Under sine siste olympiske sommarleikar i 1996 fekk Kinnunen opp berre eitt kast over 82 m. Bestekastet på 84,02 gav han sjuandeplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Personlege rekordar og årsbeste endre

År 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1995 1996 1997 1998 1999
Lengde (m) 80,24 83,10 81,46 90,82 83,42 84,78 85,42 85,32 82,48 84,23 85,96