Kimovsk (russisk Ки́мовск) er ein by i Tula oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg på vasskiljet mellom elvane Don og Volga, rundt 70 km søraust for Tula.

Kimovsk
Кимовск
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Kimovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tula oblast
Grunnlagd
Bystatus
1940-åra
1952
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

31 100
Koordinatar 53°58′00″N 38°32′00″E / 53.96667°N 38.53333°E / 53.96667; 38.53333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48735

Kimovsk vart grunnlagd under den andre verdskrigen i samband med intensiv utvinning av kol frå kolfelta rundt Moskva. Sovjetarane bygde mange gruver på landområdet til eit kolkhoz som heitte Unge Kommunistiske Internasjonale (russisk: Коммунистический интернационал молодёжи, forkorta КИМ (KIM, derfor namnet Kimovsk) og ein busetnad for gruvearbeidarane kalla Mikhajlovka (russisk: Миха́йловка). I 1948 vart namnet Mikhajlovka endra til Kimovsk og han fekk bystatus i 1952.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.