Kinnaird Head (frå skotsk-gælisk An Ceann Àrd som tyder «høgt nes») er eit nes i Nordsjøen på austkysten av Skottland. Neset ligg i byen Fraserburgh i Aberdeenshire.

Kinnaird Head
nes
Land  Skottland
Kart
Kinnaird Head
57°41′55″N 2°00′16″W / 57.69866°N 2.0044°W / 57.69866; -2.0044
Wikimedia Commons: Kinnaird Head
Kinnaird Head fyr

Det første fyret i Skottland tent av Commissioners of Northern Lights vart bygd på neset. Det vart bygd av Thomas Smith i 1787 og er i dag eit fyrmuseum. Fyret vart ombygd frå Kinnaird Castle som vart bygd her i 1570.

I 1929 vart òg det første radiofyret i Skottland sett i drift på Kinnaird Head.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

57°41′54″N 2°00′12″W / 57.69822°N 2.00334°W / 57.69822; -2.00334