Kirkcaldy er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 48 500 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av Firth of Forth. Byen er kjent for produksjon av linoleum og for sitt årlege, vekeslange Links Market, som er den lengste gatemarknaden i Europa og som i 2004 feira 700-årsjubileum. Kirkcaldy har ei av dei lengste utbygde kystgatene i Europa.

Kirkcaldy

skotsk-gælisk Cair Chaladain
Plassering
Kirkcaldy is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

48 630
Koordinatar 56°7′N 3°10′W / 56.117°N 3.167°W / 56.117; -3.167
Diverse annan informasjon
Postnummer KY1, KY2
Telefon-retningsnummer 0 1592
Commons har multimedium som gjeld: Kirkcaldy

Namnet «Kirkcaldy» er avleidd frå piktisk caer, 'festning' og caled, som anten tyder 'hard' eller er eit personnamn. Tydinga av namnet kan dermed anten vera 'den harde festningen' eller 'Caled-festningen'.[1]

Historie

endre

Det første dokumentet som nemner byen er frå 1075, då kong Malcolm III (regjerte 1058–93) gav heradet Kirkcaladunt til kyrkja i Dunfermline.[2][3]

På 1600-talet vart eit av dei første latviske konsulata opna i Kirkcaldy.

Dysart, ein tidlegare by og burgh, har vorte omringa av Kirkcaldy. I 1930 vart Dysart gjort til ein del av Kirkcaldy av parlamentet.

Mellom 1975 og 1996 utgjorde byen med omland eit administrativt distrikt.

Kjende folk frå Kirkcaldy

endre

Kirkcaldy er fødestaden til filosofen og økonomen Adam Smith,[4] kjend for verket The Wealth of Nations, som han skreiv i mora sitt hus her, 220 High Street, i 1765–1767.[5] Arkitekten og formgjevaren Robert Adam og far hans, William, var også frå byen.[6] Sir Sandford Fleming (1827–1915), ein ingeniør som stod bak utviklinga av standard tidssoner over heile verda og som arbeidde på mykje av jernbanesystemet i Canada, var fødd her.[7] Oppdagaren John McDouall Stuart, som leia seks ekspedisjonar til det indre av og frå sør til nord av Australia, var frå Dysart.[8]

Den britiske statsministeren Gordon Brown, som også var parlamentsmedlem for Kirkcaldy and Cowdenbeath, voks opp i byen frå han var tre år gammal.[9][10] Krimforfattaren Val McDermid vart fødd her.

Kjelder

endre
  1. Taylor and Márkus 2006, s. 487.
  2. MacBean 1908, s. 33–34.
  3. Glen 2007, s. 13.
  4. Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 67.
  5. Torrie and Coleman 1995, s.29.
  6. Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 60.
  7. Kirkcaldy Civic Society 2005, p.62.
  8. Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 70–71.
  9. Allport, 2009, s. 18.
  10. Wheeler, Brian (27. juli 2007). «The Gordon Brown Story». BBC News. Henta 25. februar 2011.