Kirovøyane eller Sergej Kirov-øyane (russisk Oстрова Кирова, Ostrova Kirova eller Aрхипелаг Сергея Кирова, Arkhipelag Sergeja Kirova), òg kalla Kerovaøyane, er ei øygruppe i Karahavet, som høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland, om lag 140 km frå kysten av Sibir.

Kirovøyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Kirovøyane
77°36′0″ N 91°55′0″ E
Plasseringa til Kirovøyane i Karaahavet
Plasseringa til Kirovøyane i Karaahavet
Plasseringa til Kirovøyane i Karaahavet
Wikimedia Commons: Kirov Islands
Kirovøyane

Øygruppa, i tillegg til den nordlegaste øya (Kirova), er kalla opp etter Sergej Kirov i Josef Stalin sitt politbyrå. Den største øya er Isatsjenko (russisk Остров Исаченко),[1] med ei overflate på 168 km².[2] Øya kalla opp etter den russiske mikrobiologen og botanikaren Boris Isatsjenko. Det er ein forskingsstasjon på denne øya.

Havet omkring Kirovøyane er dekt av pakkis med noko poljnia om vinteren, og det er òg mykje isflak i havet rundt om sommaren. Sundet mellom Isatsjenko og Slozjnij vert kalla Proliv Aerosiomki.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland.[3]

Øygruppa må ikkje forvekslast med dei andre Kirovøyane (russisk Kirovskije Ostrova), som ligg i Austersjøen nær St. Petersburg.[4]

Kjelder endre

  1. «Ostrov Isachenko». Mapcarta. Henta 21 September 2016. 
  2. «UNEP Islands». Arkivert frå originalen 4. februar 2012. Henta 21. september 2016. 
  3. Nature Reserve Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
  4. «Kirovskiye Ostrova». Mapcarta. Henta 21. september 2016. 

Koordinatar: 77°36′N 91°55′E