Kirsti
kvinnenamn
Kirsti er ei kortform av kvinnenamnet Kristina som særleg er utbreidd i Noreg og Finland. Det har norsk namnedag den 13. november.
Namnet kjem opphavleg frå det latinske Christiana, 'kristen', som er er avleidd av det greske ordet for Kristus, Christós ('salva'). Namnet er i slekt med Kirsten og svært likt namnet Kjersti.
Namnet var særleg mykje brukt i åra rundt 1950, då over 0,5 % av nyfødde jenter blei kalla dette. I 2009 var det 4 577 kvinner som hadde Kirsti som første førenamnet i Noreg (SSB).
Kjende namneberarar
endre- Kirsti Merilaas (1913–1986), estisk forfattar
- Kirsti Jordet (f. 1932), norsk friidrettsutøvar
- Kirsti Coward (f. 1940), norsk jurist og høgsterettsdommar
- Kirsti Kolle Grøndahl (f. 1943), norsk politikar
- Kirsti Strøm Bull (f. 1945), norsk jurist og professor
- Kirsti Sparboe (f. 1946), norsk songar og skodespelar
- Kirsti Malterud (f. 1949), norsk professor i medisin
- Kirsti Grotmol (f. 1950), norsk biletkunstnar
- Kirsti Blom (f. 1953), norsk forfattar
- Kirsti Eline Torhaug (f. 1969), norsk songar og skodespelar
- Kirsti Stubø (f. 1975), norsk skodespelar
- Kirsti Bergstø (f. 1981), norsk ungdomspolitikar
- Kirsti Wakelin, kanadisk illustratør
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kirsti» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kirsti hjå Statistisk Sentralbyrå