Kirsten

kvinnenamn

Kirsten er ein dansk variant av kvinnenamnet Kristine. Dette namnet kjem frå det latinske Christiana, 'kristen', som er er avleidd av det greske ordet for Kristus, Christós ('salva'). Namnet er i slekt med former som norsk og finsk Kirsti og svensk Kerstin.

Kirsten Munk måla av Jacob van Dort.
Den amerikanske kongressrepresentanten Kirsten Gillibran.

Kirsten har norsk namnedag den 13. november.

Bruk endre

Kirsten er det nest mest brukte kvinnenamnet i Danmark. Det var spesielt populært på jentebarn fødd på 1930-, 1940- og 1950-talet. Kirsten er også eit vanleg namn i Tyskland.

I Noreg var Kirsten mykje gjeve på 1700-talet og igjen rundt 1940-talet. Det var 9 293 kvinner som hadde Kirsten som første førenamnet i Noreg i 2008 (SSB).

Uttale endre

På norsk blir namnet gjerne uttalt med kj-lyd i byrjinga, (IPA [ç]), medan det på andre språk er vanleg med ein hard k-lyd i byrjinga. I det germanske språkområdet er den første vokalen som regel ein i, medan han på engelsk gjerne blir meir som ein ø-lyd (IPA [kɜː(r)stən]).

Kjende namneberarar endre

Oppdikta personar endre

Kjelder endre