Kirwanfjorden
Kirwanfjorden er ein fjord i sørausthjørnet av Aleksanderøya, 12 nautiske mil (22 km) brei ved munningen og 7 nautiske mil (13 km) lang, med opning mot George VI Sound. Fjorden er isdekt og glir over i dei stigande isbakkane på Aleksanderøya i vest. Han vart grovt kartlagd i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Laurence P. Kirwan, direktør og sekretær i Royal Geographical Society.
Kirwanfjorden | |||
fjord | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 72°21′S 68°50′W / 72.350°S 68.833°W | ||
Lengd | 13 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kirwanfjorden 72°21′00″S 68°50′00″W / 72.35°S 68.8333°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kirwan Inlet» (innhald frå Geographic Names Information System).