Mendelssohnfjorden
Mendelssohnfjorden er ein 46 km lang isdekt fjord mellom Derocher Peninsula og Eroica Peninsula på nordsida av Beethoven Peninsula, sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fjorden vart oppdaga frå lufta og grovt kartlagd av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41. Han vart oppdaga på ny og fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48. Ei ny kartlegging basert på foto av RARE vart utført av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Han fekk namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter den tyske komponisten Felix Mendelssohn.
Mendelssohnfjorden | |||
fjord | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 71°17′S 72°52′W / 71.283°S 72.867°W | ||
Lengd | 46 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mendelssohnfjorden 71°17′00″S 72°52′00″W / 71.2833°S 72.8667°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mendelssohn Inlet» (innhald frå Geographic Names Information System).