Kiselgur, diatomitt eller diatoméjord er ein porøs jordart som liknar på leire. Kiselgur er danna ved at skala frå kiselalgar (diatomear) og anna kiselhaldig materiale vert avleira som sediment. Kiselgurane er lyse, lette og jordaktige.

Kiselgur

Opphavleg vart dynamitt framstilt som gurdynamitt ved absorbsjon av nitroglyserin i kiselgur. Sidan kiselgur er porøs og lett, vert han mykje nytta som både isolasjonsmateriale, lett murstein, isolasjonsmateriale, filter og som tilsettingsstoff i måling og plast. Kiselgur blir òg brukt som mekanisk insektsdrepar. Sidan han er porøs, tar kiselgur livet av lopper og andre insekt ved at dei tørkar ut og døyr når dei får kiselgur på seg.

Kiselgur kan vere gode reservoarbergartar for petroleum, slik som Belridge-diatomitten i San Joaquin-bassenget i California i USA.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«diatomitt» i Store norske leksikon, snl.no.