Kjøpekraftsparitet

Kjøpekraftsparitet (kkp, eng. purchasing power parity, PPP) eller kjøpekraftjustering er ein måte å samanlikna verdien av ulike valutaer med innan økonomi. For å finna paritet samanlikner ein kjøpekrafta, det vil seia kva ein kan få for pengane med ulike valutaer innanlands i ulike land. Dette reflekterer at prisnivå er forskjellige i ulike land, til dømes at ein får meir for 100 kroner (veksla til baht) i Thailand enn i Noreg.

Prisen på ein Big Mac i ulike land er blitt brukt av The Economist til å rekna ut kjøpekraftsparitet.

To valutaer er i paritet om ein kan kjøpa same mengde varer og tenester for same sum i dei to landa dei høyrer til i. Om ein til dømes kan få det same for 100 NOK i Noreg som ein får for 100 SEK i Sverige, vil dei to valutaene vera i paritet.

Ofte bruker ein kjøpekraftsjustering til å finna ut kva vekslingskurs to valutaer skulle hatt for å gje lik kjøpekraft. Ein omtalar gjerne høvet mellom faktisk valutakurs og kjøpekraftspariteten som «den reelle valutakursen».

Kjøpekraftsparitet kan mellom anna brukast for å samanlikna levestandard, og kan bidra til å gje eit rettare bilde enn berre BNP. Metoden er blitt kritisert, til dømes fordi varene og tenestene ein samanlikner ikkje er like vanlege i ulike land, eller fordi han ikkje fanger opp store prisskilnader på ulike ting, til dømes matvarer og bustader. Prisar kan også variera innanfor eit land.

Samanlikning mellom ulike land av BNP og BNP justert med PPP.

Utrekning endre

Når ein samanaliknar BNP mellom land bruker ein ofte US-dollar som valuta. Med PPP kan ein då overføra prisar frå ein lokal valuta til dollar for å samanlikna landa. Ein samanlikner prisen på ei varekorg med same type varer i begge land. Ut frå prisane kan ein rekna ut ein ny, fiktiv vekslingskurs.

 

Kjøpekraftsparitetsteorien endre

Kjøpekraftsparitetsteorien seier at valutakursar etterkvart vil følgja kjøpekraftsparitetane. Teorien har særleg fått støtte i tider der valutakursar har vore flytande, til dømes i 1920-åra og i 1980-åra etter at Bretton Woods-systemet, med fastsette kursar, braut saman.

Kjelder endre