Opna hovudmenyen

GeografiEndra

Kjøpstad ligg på sørsida av Skifjorden og grensar i nord og vest til fjorden og i aust til Våge.[3] Det går kommunal veg til Kjøpstadvika frå Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane.[4]

HistorieEndra

I eldre tid låg Kjøpstad under Losnagodset og frå midten av 1600-talet til 1853 var han i eiga til embetsmannsslekter. Frå 1889 har brukarane vore sjølveigarar. Bortsett frå ein periode på 1600-talet har garden vore einbølt fram til kring 1900. Det har vore husmannsplassar på Båneset og i Kjøpstadvika. Bånes er nemnt som husmannsplass så tidleg som i 1620-åra og vart skilt ut som eige bruk i 1901 Frå 1959 har det vore fire bruk på garden.[3]

Bånes var dampskipstoppestad for Fylkesbaatane eit tiår framover frå 1913. Staden hadde ikkje kai, så folk og last vart rodd ut til rutebåtane.[5]

NamnetEndra

Namnet Kjøpstad tyder på at det har vore handelsstad på garden, men ein har ikkje kjelder eller funn som underbyggjer dette.[3] I kjeldene er namnet skrive «Kiepstadt» (1563), «Kiifstaid» (1567), «Kiøbstad» (1608), «Kiøbstae» (1667) og «Kiøbstad» (1723).[6]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Kjøpstad» i 2003 og avslo samtidig å godkjenne «Kiøpstad».[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Stadnamnet Kjøpstad er kjend frå tre andre stader i landet, ei bygd i Gildeskål kommune, og gardar i Vestnes kommune og Sogndal kommune.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 20. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 20. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Kjøpstad : Gnr. 3». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket. I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 26. ISBN 8299219817. 
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Henta 20. november 2010. 
  5. Finn Borgen Førsund (1998). «Bånes». Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja Forlag. s. 68. ISBN 82-91722-04-8. 
  6. «Oluf Rygh: «Kjøpstad» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  7. «yr.no».  Vitja 20. november 2010

Vidare lesnadEndra

BakgrunnsstoffEndra