Kjelfossen er den sjette høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg i Gudvangen i Aurland kommune i Vestland. Fossen består av fleire mindre fall. Det øvste fallet er det høgaste med ei lengd på 149 meter. Elva er ikkje regulert. Høgda på fossen er omstridd. Ut frå Statens Kartverk sine kart er høgda mest truleg 755 meter, men Statistisk Sentralbyrå rangerer fossen som den høgaste i Noreg med eit samla fall på 840 meter.[1]

Kjelfossen
foss
Kjelfossen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Fossetype Segmentert
Elv Kjelfossgrovi
Totalt fall 755 m
 •  Lengste fall 149 m
Status Ikkje regulert
Verdsrangering 18. høgaste i verda.
Kart
Kjelfossen
60°52′27″N 6°51′07″E / 60.874114°N 6.852065°E / 60.874114; 6.852065
Wikimedia Commons: Kjelfossen

Kjelfossen består av tre fossar. Den største av dei vert ofte kalla Store Kjelfossen og ligg lengst til venstre. Fossen i midten vert kalla Vetle Kjelfossen, medan den siste og minste ikkje har namn.

Kjelfossen
Foto: Alfred Diem

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kjelfossen