Kjelkenes ferjekai
Kjelkenes ferjekai er ein nedlagd ferjestad på nordsida av Midtgulen i Bremanger kommune i Vestland fylke. Ferjekaia vart opna i 1987 som del av dåverande Riksveg 616 og erstatta det gamle leiet på Kjelkenes. Frå Kjelkenes gjekk ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes til Smørhamn ferjekai.
Med opninga av fase 2 av Bremangersambandet den 16. mai 2013 vart ferjesambandet nedlagt, og sidan er ikkje kaia i bruk.
i 2019 vart vegen mellom Kjelkenes og Kjelkenes ferjekai skilta om til å vera ein arm av Fylkesveg 614.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Riksvegen på Bremangerlandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.