Smørhamn ferjekai

Smørhamn ferjekai er ein nedlagd ferjestad på austsida av Smørhamnøyna ved Bremangerlandet i Bremanger kommune i Vestland fylke. Ferjekaia vart opna i 1974 som del av dåverande Riksveg 616 og erstatta det gamle leiet på Smørhamn. Frå Smørhamn gjekk ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes-Florø til Florø. I 1987 vart det opna ny Kjelkenes ferjekai i tillegg til bru Norddalsfjordbrua over Norddalsfjorden, og Florø vart sløyfa frå sambandet.

Med opninga av fase 2 av Bremangersambandet den 16. mai 2013 vart ferjesambandet nedlagt, og sidan er kaia brukt som stoppestad for snøggbåtar mellom Florø og Måløy. Informasjon om båtruter kan ein finne hjå Skyss.

Bakgrunnsstoff

endre