Smørhamn-Kjelkenes-Florø
Smørhamn-Kjelkenes-Florø vart i 1974 oppretta som eit ferjesamband mellom Bremangerlandet i Bremanger kommune og Florø i Kinn kommune i samband med opninga av nye Smørhamn ferjekai i Bremanger. Strekninga inngjekk i dåverande Riksveg 616 (Rv616) som del av det ytre hovudsambandet mellom Florø og Måløy. Tre år etterpå vart Kjelkenes lagt til som ferjeleie i sambandet, men denne var ei steinbryggje av det enkle slaget med sliskar (køyreplankar) for å få bilar av og på ferja.
Det var ikkje før den nye Norddalsfjordbrua som del av dåverande Riksveg 614 (Rv614) opna i 1987 at ein òg fekk ny og høveleg Kjelkenes ferjekai, og forlenging av Rv616 vegarm frå Smørhamn - Kjelkenes med ny veg frå ferjekaia til dåverande Rv614 gjennom Kjelkenes. Med dette vart Florø sløyfa, og ferjesambandet gjekk heretter mellom Smørhamn og Kjelkenes, og den nett ferjefrie traséen til Rv 614 vart hovudvegen vidare sørover til Florø og Sunnfjord.
Ferjesambandet vart avløyst av Bremangersambandet fase to då den nye Bortnetunnelen opna 16. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Fylkesarkivet i Vestland: Riksvegen på BremangerlandetDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.