Kjell Arild Pollestad

Kjell Arild Pollestad, (fødd 27. mai 1949 i Hå kommuneJæren) er ein norsk forfattar og tidlegare pater (prest) i den katolske kyrkja.[1][2][3]

Kjell Arild Pollestad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1949 (75 år)
Hå kommune
Yrke katolsk prest, omsetjar, teolog, skribent
Medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Kjell Arild Pollestad på Commons

Pollestad fekk Cappelenprisen i 1990.

Bakgrunn

endre

Pollestad studerte russisk og teologi ved Universitetet i Oslo og blei cand.theol. i 1977. Han tok deretter lisensiatgrad i katolsk teologi ved Institut Catholique de Toulouse i Frankrike i 1979. Frå 1979 til 1981 studerte han gammalorientalske språk (syrisk og koptisk) ved Pontificium Institutum Biblicum i Roma.

I 1975 konverterte han til katolisismen og slutta seg til Dominikanarordenen. Pollestad blei prestevigd i Oslo i 1980. Frå 1981 til 1988 var han leiar for den katolske informasjonstenesta i Noreg og frå 1988 til 1996 var han sokneprest i Den katolske menighet i Tønsberg. Han var knytt til St. Dominikus-klosteret i Oslo frå 2000 til 2005 og til dominikanarklosteret St. Jacques i Paris frå 2005. I 2010 søktehan om dispensasjon frå preste- og ordensløfta sine (laisering). Avskjedssøknaden blei innvilga av Vatikanet i 2015.[1]

Verkliste

endre
  • Lofottorsk på nonnebord, essays (1984)
  • Min Islandsferd (1986)
  • Skål for Norge (1987)
  • 17. mai i Samarkand (1988)
  • Paven i Rom (1989)
  • Veien til Rom - hvordan jeg ble katolikk (1990)
  • Maten er halve føda (1991)
  • Humørpiller. Muntre epistler i utvalg (1992)
  • Pater Hilarion (1993)
  • Parabol (1996)
  • Therese (1997)
  • Veier overalt (1998)
  • Livet er bedre enn sitt rykte (1999)
  • Middagshøyde: Dagbok 1998-2000 (2000)
  • Kirkeliv i nord før Svartedauden (2001)
  • Gleden er gratis (2002)
  • Mestermøte, Mat mellom himmel og hav (2003)
  • Samtaler med Horats - Dagbok 2000-2004 (2004)
  • Bernadette. Piken som så Jomfru Maria. (2005)
  • Kielland privat. Et brevportrett tegnet av ham selv. (2006)
  • Peters svar : kristendom for dannede hedninger og lunkne kristne (2007)
  • På feil klode? Dagbok 2004-2008 (2008)
  • Anklaget: Dagbok 2008-2011 (2011)
  • Jærsk kokebok. Mat frå fire generasjonar (2013)
  • Eneboerliv – dagbok 2011–2014 (2014)

Omsetjingar og gjendiktingar

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «Pollestad laisert». Den katolske kirke (på norsk). Henta 28. april 2019. 
  2. «Ingeborg Moe og Wenche Fuglehaug: «Pater måtte forlate Norge - nå slutter han» i Aftenposten». 
  3. Pollestad snur – held fram som prest, arkivert frå originalen 27. april 2010, henta 25. april 2010 
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.