Kjell Gottfred Bohlin (27. september 192817. juni 2011) var ein norsk byråkrat og politikar, fødd på Røros. Han var ordførar i Bamble i ti år og representerte ArbeidarpartietStortinget i tolv år.

Kjell Bohlin
Fødd 27. september 1928
Død

17. juni 2011

Yrke politikar

Far hans var spinnerimeister. Sjølv arbeidde Bohlin som journalist i avisa 'Arbeidets rett' på Røros i 1948-49. År 1950 fekk han jobb som kontorassistent ved Ørland trygdekasse. Etter fire år på Trøndelags-kysten utdanna han seg ved Sosialtrygdens fagskole. Frå 1955 til 1987 var han trygdesjef i Langesund 1955-63, i Bamble 1964-69 og i Skien 1969-87.

Bohlin var varaordførar i Bamble i tida 1964-71 og ordførar 1972-81. Dessutan var han i åra 1976-81 fylkesvaraordførar i Telemark. Frå 1968 til 1978 var han elles formann i Helse- og sosialutvalet i Telemark fylke, dei seks fyrste åra også leiar av sjukehusplanutvalet i fylket.

Frå hausten 1977 var Bohlin stortingsrepresentant frå Telemark og for Arbeidarpartiet. Med attval i 1981 og -85 vart han verande på Stortinget til 1989. Fram til 1985 var han medlem i Sosialkomiteen, siste fire åra høyrde han til i Energi- og industrikomiteen. Etter at den dåverande Brundtland-regjeringa i 1987 utnemnde Bohlin til fylkesmann i Telemark, kunne han styre embetet frå 1989 til han vart pensjonert i 1998.

Bohlin gav ut sju bøker. Han skreiv både eigne minne, om trygdespørsmål og lokal historie.

KjelderEndra