Opna hovudmenyen

Kjell Storvik

norsk politikar og økonom

Kjell Storvik (fødd 20. november 1930) er ein norsk sosialøkonom. Han var sentralbanksjef i Noregs Bank frå 1996 til 1998.

Kjell Storvik
Kjell Storvik.jpg
Fødd20. november 1930
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Harvard Business School

Storvik er sosialøkonom frå Universitetet i Oslo 1957 og cand.oecon. frå Harvard Business School i 1974. Frå 1958 til 1960 var han tilsett i Norsk Arbeidsgiverforening, deretter arbeidde han i Norges Rederiforbund, frå 1977 til 1981 som viseadministrerande direktør. Frå 1981 til 1985 var han statssekretær i Finansdepartementet under statsråd Rolf Presthus. Han var deretter visesentralbanksjef i Noregs Bank frå 1985 og etterfølgde Torstein Moland som sentralbanksjef frå 1996 til 1998.[1]

Han har vore medlem av styret i Kredittilsynet, no Finanstilsynet, landsstyret i Norges Røde Kors og Finance Commission i Internasjonale Røde Kors i Geneve. Han har også vore formann i Statsøkonomisk forening og formann og medlem i fleire offentlege utval.

Storvik blei i 1998 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Hvem Hva Hvor 1989, s. 138.