Kjempekonvall
planteart
Kjempekonvall (Polygonatum ×hybridum) er ein hybrid av kantkonvall og storkonvall (P. multiflorum × P. odoratum). Særteikn er at stengelen er rundt nede, og kanta oppe.[1]
Kjempekonvall | |
Kjempekonvall | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Nolinoideae |
Slekt: | Storkonvallslekta Polygonatum |
Art: | Kjempekonvall P. ×hybridum |
Vitskapleg namn | |
Polygonatum ×hybridum |
I Noreg finst han frå Asker og Bærum, ned til Egersund. Hybriden er heimleg ved at han kan oppstå spontant der båe foreldreartane veks, helst i edellauvskog, men oftare er han forvilla frå dyrking.[1] Arten er ikkje vurdert for Raudlista eller for Framandartslista.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 225.
- ↑ «Artsdatabanken: Kjempekonvall». Artsdatabanken. 7. mars 2023.
- (en) kjempekonvall i Global Biodiversity Information Facility
- (en) kjempekonvall hos The International Plant Names Index
- (en) kjempekonvall hos Tropicos
- (en) Kategori:Polygonatum × hybridum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Polygonatum × hybridum – detaljert informasjon på Wikispecies