Kjersti Stenseng
Kjersti Stenseng (fødd 4. september 1974) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Den 4. februar 2025 vart ho utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa.[1] Ho var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2015 til 2025.[2]
Kjersti Stenseng | |||
![]() | |||
Fødd | 4. september 1974 (50 år) Nord-Fron kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Gunnar Tore Stenseng | ||
Sambuar | Tom Tvedt | ||
Alle verv |
|
Biografi
endreStenseng kjem frå Kvam i Nord-Fron kommune i Oppland. Ho vart vald inn i Sentralstyret til Arbeidarpartiet i 2011, og har vore statssekretær og politisk rådgjevar i Kulturdepartementet.[3][4]
Stenseng har òg jobba som festivalsjef for Peer Gynt-stemnet og festivalsjef for Norsk Litteraturfestival. Ho var HR- og friviljugsjef for Vinter-OL for ungdom 2016.[5][6]
Ved stortingsvalet 2013 var Stenseng 4. kandidat for Oppland Arbeidarparti, etter at ho på nominasjonsmøtet tapte kampvoteringa om tredjeplassen mot Stine Renate Håheim med 53 mot 68 stemmar.[7] Ho var i stortingsperioden 2013–2017 fyrste vararepresentant til Stortinget.
Verv
endre- 2007–2011: medlem av formannskap og kommunestyre i Sør-Fron kommune
- 2008–2010: kvinnenettverksleiar i Oppland Arbeidarparti
- 2010–2014: fylkespartileiar i Oppland Arbeidarparti
- 2011– : sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet
- 2015–2025: partisekretær i Arbeidarpartiet
Kjelder
endre- ↑ «Kjersti Stenseng ny kommunal- og distriktsminister». Kommunal- og distriktsdepartementet. 6. februar 2025.
- ↑ «Her er Støres nye mannskap». NRK.no. 18. april 2015. Henta 19. april 2015.
- ↑ «Stenseng statssekretær». Gudbrandsdølen Dagningen. 16. mai 2012. Henta 19. april 2015.
- ↑ https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/kud/Personer-og-enheter/Politisk-ledelse/2011/konstituert-politisk-radgiver-kjersti-st/id647400/
- ↑ http://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/portrett/tillitskvinnen-1.344635
- ↑ «- Dette er nybrottsarbeid og veldig spennende». Gudbrandsdølen Dagningen. 20. november 2013. Henta 19. april 2015.
- ↑ «Kjersti Stenseng mister 3. plassen». NRK. 24. november 2012. Henta 19. april 2015.
- ↑ Elin Sørsdahl (18. april 2015). «Aps nye maktkvinne fant kjæresten i Arbeiderpartiet». TV2.
- Denne artikkelen bygger på «Kjersti Stenseng» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Kjersti Stenseng sin CV ved regjeringen.no