Stine Renate Håheim

norsk politikar

Stine Renate Håheim (fødd 13. mai 1984 i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho voks opp på Valdres i Oppland, og var kommunestyremedlem i Nord-Aurdal 2003–2007, og medlem av Oppland fylkesting 2007–2009. Håheim er sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF). Ved stortingsvalet 2009 var ho den 4. kandidaten til Arbeidarpartiet frå Oppland, og møter frå oktober 2009 fast for Rigmor Aasrud.

Stine Renate Håheim

Fødd13. mai 1984 (39 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Håheim studerer ved Lektorstudiet på Universitetet i Oslo, eit profesjonsstudium retta mot læraryrket.

Stine Renate Håheim er kjend for å ha spreidd utsegna «Om éin mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa saman!» etter 22. juli-åtaka, mellom anna i intervju med CNN 23. juli 2011.

Stortingskomitear endre

Bakgrunnsstoff endre