Tom Tvedt

norsk politikar, idrottsleiar og handballspelar

Tom Tvedt (fødd 31. januar 1968) er ein norsk politikar og tidlegare handballspelar frå Randaberg. Han var fylkesorførar 2007-11 i Rogaland og leiar 2015-19 i Norges Idrettsforbund.

Tom Tvedt

Tom Tvedt
Foto: Jarle Vines
Fødd31. januar 1968 (56 år)
Randaberg
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, handballspelar, organisasjonsarbeidar
SambuarKjersti Stenseng
VervOrdførar i Randaberg 1999–2007
FøregangarOlav Sande
EtterfylgjarTone Tvedt Nybø
VervFylkesordførar i Rogaland 2007–2011
FøregangarRoald G. Bergsaker
EtterfylgjarJanne Johnsen
Alle verv

Tvedt var ordførar i Randaberg kommune frå 1999 til 2007. Til fylkestingsvalet i 2007 var han Arbeidarpartiets kandidat til vervet som fylkesordførar samtidig som han framleis stilte til val som ordførar i Randaberg. Arbeidarpartiet gjorde eit godt val og vart det største partiet i fylkestinget i Rogaland fylke. Med støtte frå sentrumspartia og SV vart Tvedt Arbeidarpartiets fyrste fylkesordførar i Rogaland.[1]

Tvedt har tidlegare vore salssjef i Tybring-Gjedde. I unge år var han aktiv handballspelar, noregsmeister 1991 med Stavanger IF og landslagsspelar for Noreg, bokført med 25 landskampar. På Idrettstinget 2011 vart han vald til styremedlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité for perioden 2011–2015.[2] Perioden 2015-19 leidde han organisasjonen og søkte attval ved Idrettstinget 2019, men vart vraka etter mykje ekstern misnøye med Idrettsforbundet sine disposisjonar gjennom mange år.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Nye koster, ny politikk». Aftenbladet.no. 14. september 2007. Henta 16. september 2007. 
  2. Om idrettstyret 2011–2015 www.idrett.no Vitja 28. sep 2011.