Kjetil Bjørlo (fødd 27. mars 1968) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Halden. I over ti år fram til 2001 tevla han på høgste nivå. Individuelt vann han VM-bronse i 1997 og sølv i nordisk meisterskap 1999, han sikra seg to NM-gull attåt.

Kjetil Bjørlo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1968 (56 år)
Idrett orientering

Aktiv endre

Bjørlo var med i dei norske stafett-laga som kom på andreplass i den nordiske meisterskapen i åra 1992, 1995 og 1997. Under orienterings-VM 1997 ved Grimstad tok han bronsemedaljen på klassisk-distansen, einast Petter Thoresen og svenske Jörgen Mårtensson orienterte betre. I den same meisterskapen vann han også bronse i stafett, saman med Håvard Tveite, Bjørnar Valstad og Petter Thoresen. To år seinare kneip Bjørlo sølvmedaljen på kort-distansen ved Nordisk meisterskap i orientering 1999 i Malvik.

Bjørlo vart norsk meister i kort løype i 1997 og på langdistanse i 1999.

Halden Skiklubb, med Bjørlo i mannskapet, sigra i den store orienteringsstafetten Jukola i 1989, 1998 og 2000. Han var også med på å vinne Tiomila åra 1998–2000 og 2002–04 for Halden SK.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

Kjelder endre