Kjetil Borch (fødd 14. februar 1990 i Tønsberg) er ein norsk roar som representerer Horten Roklubb. Han vart verdsmeister 2013 i dobbeltsculler saman med Nils Jakob Hoff og europameister 2018 i singlesculler.

Kjetil Borch


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1990 (34 år)
Tønsberg
Idrett roing
Tok del i

Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler menn, Roing under Sommer-OL 2020 – Singlesculler menn

Karriere endre

Borch og Nils Jakob Hoff rodde seg til ein fjerdeplass i dobbeltsculler VM 2010 på Lake Carapiro i New Zealand.[1] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[2] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[3] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[4] Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Borch bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Olaf Tufte.[1]

Under europameisterskapen 2018 i Glasgow rodde Borch inn til gullmedalje i singlesculler, 0,7 sekund framom Mindaugas Griškonis frå Litauen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kjetil Borch» (på engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017. 
  2. Nrk.no, 31. juli 2012: Roerne var 0,4 sekunder fra finalen
  3. VG, 2. august 2012: Seier med bismak for dobbeltsculleren
  4. Resultatliste på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 23. august 2012