Nils Jakob Hoff
Nils Jakob Skulstad Hoff (fødd 5. februar 1985 i Bergen) er ein norsk roar som representerer Fana Roklubb. Han er også medlem av Team Tufte.[1]
Nils Jakob Hoff | |
Fødd | 5. februar 1985 (37 år) Bergen |
Yrke | roar, lege |
Nils Jakob Hoff ror dobbelsculler saman med Kjetil Borch. Dei to rodde seg til ein fjerdeplass i VM ved Lake Carapiro på New Zealand i 2010.[2] Dette var Noregs beste prestasjon i roing sidan Olaf Tufte vann olympisk gull under sommar-OL 2008 i Beijing.[3] Dei representerte Noreg under sommar-OL 2012 i London, men greidde ikkje å kvalifisera seg frå semifinale til finalen.[4] Borch og Hoff gjekk deretter vidare til B-finalen, som dei vann[5] og enda på ein samanlagt sjuandeplass.[6]
Nils Jakob Hoff har også vore aktiv som harpist, og har delteke med harpa på NRK-programmet Kjempesjansen.[7]
FotnotarEndra
- ↑ Teamtufte.no
- ↑ Resultatliste på worldrowing.com
- ↑ VG.no, 2. august 2012: Jostein Overvik: En varslet nedtur.
- ↑ Nrk.no, 31. juli 2012: Roerne var 0,4 sekunder fra finalen
- ↑ VG, 2 august 2012: Seier med bismak for dobbeltsculleren
- ↑ Resultatliste på Sports-reference.com
- ↑ NRK-klipp med Nils Jakob Hoff