Olaf Karl Tufte (fødd 27. april 1976 i Tønsberg) er ein norsk roar frå Nykirke i Vestfold som representerer Horten Roklubb. Tufte er to gonger verdsmeister og dobbel olympisk meister for Noreg i singlesculler. Olaf Tufte er busett på Nykirke der han jobbar som bonde og brannmann. Han er gift og har to born.

Olaf Tufte


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1976 (47 år)
Tønsberg
Idrett roing
Tok del i

rowing at the 2000 Summer Olympics – men's double sculls, Roing under Sommer-OL 2004 – Singelsculler menn, Roing under Sommer-OL 2008 – Singlesculler menn, Roing under Sommer-OL 2012 – Singlesculler menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler menn, rowing at the 1996 Summer Olympics – men's coxless four, Roing under Sommer-OL 2020 – Dobbeltfirer menn

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Thomas Keller-medaljen

Karriere endre

Olaf Tufte vart medlem av Horten Roklubb som syttenåring, og i 1994 deltok han i sitt fyrste junior-VM, i München. Året etter vart han seniorroar, og allereie i 1996 OL-debuterte han under sommar-OL 1996 i Atlanta. Her deltok han i firar utan styrmann saman med Halvor Sannes Lande, Morten Bergesen og Odd-Even Bustnes og enda på åttandeplass. Tufte deltok i sitt fyrste senior-VM i 1997.

I 1998 rodde Tufte i firar under VM i Köln og kom på fjerdeplass. Året etter gjekk Tufte i samarbeid med Fredrik Bekken og tok til å ro dobbeltsculler saman med han. Dei deltok i VM i roing 1999 i St. Catharines i Canada og vann bronsemedalje. Dette vart den fyrste internasjonale medaljen for Olaf Tufte. Det gode samarbeidet heldt fram mellom Tufte og Bekken, og dei representerte Noreg under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vann dei olympisk sølv i dobbeltsculler.

Singlesculler endre

Etter OL trappa Fredrik Bekken ned roinga, men Olaf Tufte starta å ro singlesculler frå no av. Under VM i Luzern i 2001 vart han for fyrste gong verdsmeister. Han tok bronse under neste VM i Sevilla, men vann nytt VM-gull i 2003 i Milano. I sommar-OL 2004 i Athen deltok han i singlesculler. Her tok han olympisk gull framfor estiske Juri Jaanson og vart fyrste olympiske meister for Noreg i singelsculler nokonsinne.

I VM 2005 i Gifu i Japan greidde Tufte ein sølvmedalje bak Mahé Drysdale frå New Zealand. I neste VM i 2006 enda Tufte utan medalje på ein fjerdeplass. Igjen var det Mahé Drysdale som vann og sette ny verdsrekord. Til neste års VM i München kjempa Tufte seg tilbake og vann ein bronsemedalje. Han greidde OL-kvalifikasjonskravet og representerte Noreg på nytt under sommar-OL 2008 i Beijing. Trass i astmaplager greidde Tufte her å vinna eit nytt OL-gull på singlesculler, framfor tsjekkiske Ondřej Synek og Mahé Drysdale.

Etter 2008-sesongen har Tufte vore plaga med skader og sjukdom, og han har ikkje vunne medaljar i VM etter dette. Han kvalifiserte seg likevel til å representera Noreg under sommar-OL 2012 i London. Dette vart den femte OL-deltakinga for Olaf Tufte. Diverre greidde ikkje Tufte å kvalifisera seg til finalen i OL og enda på ein niandeplass.

Team Tufte endre

Olaf Tufte starta Team Tufte i 2008. Meininga med Team Tufte er å utvikla nye, unge roartalent for framtida. I tillegg til roarar har Team Tufte eigen trenar, manager, coach og helseteam. Per i dag har Team Tufte fem roarar bortsett frå Olaf Tufte sjølv:

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. TeamTufte.no: Om Team Tufte, arkivert frå originalen 10. desember 2013, henta 23. august 2012 
  2. Store Norske Leksikon: Olaf Tufte